angle-left Ingeborg Arvola – Vilkår for liv
View title Debug

Vilkår for liv

Grunnelementa i Ingeborg Arvola sin roman Vilkår for liv har ein gjerne vore borti før: Kloden vår har gått ad undas som følgje av ein ikkjespesifert, verdsomspennande miljøkatastrofe som har kverka så og seie alt som finst av liv. Det einaste som har blitt spart for denne veldige tilinkjegjeringa er eit lite skogholt med nokre få overlevande dyr og menneske. Det er ei ny og ugjestmild verd, og påkjenningane for dei attlevande er mangslunge. Dette kunne vore plottet til kva slags helst postapokalyptisk forteljing, om ein ser vekk i frå at forteljarstemma i boka tilhøyrer ei oransje, lydhøyr og ikkje minst mordlysta lita revetispe.

I denne boka følgjer vi nemleg horeven Ni og hennar vandringar rundt i skogholtet. Ho er god til å luske rundt lydlaust, og observer både menneske og dyr medan ho tenkjer sitt om den stakkarslege og uvettige framferda deira. Menneska som er att, fem menn og ei kvinne, er i hovudsak forskarar som prøver å halde liv i seg sjølv og alt anna som rører seg i skogholet, med vekslande hell. Om ikkje anna har dei funne måtar å hindre dyra i myrde kvarandre, noko Ni ikkje er direkte glad for. Ho lengtar etter å drepe, og aller helst ønskjer ho å kjenne blodsmaken av ei varm høne, rev som ho trass alt er.

Dette er ei merksnodig blanding mellom ein dystopi og fabel, ein kamp mellom naturlover og eventyrlogikk, ei bok som startar som ei undergongsforteljing, men som nesten endar opp med å bli ei skapingssoge. Høgst original og særdeles elegant utført!

Similar titles from the collection

Search

Language

nb-no sv-se en-gb

Categories Navigation