angle-left Kristin Auestad Danielsen – Vår Vesle
View title Debug

Vår vesle

I Kristin Auestad Danielsen sin roman Vår Vesle møter vi Mari som i ein alder av 30 har sett seg nøydd til å flytte heim til foreldra sine etter å ha fullført ein master i kunsthistorie og oppdaga at det ikkje er skrikande behov for denne typen utdanning i arbeidslivet. Den nye kvardagen i barndomsheimen er både velkjend og framand for Mari og foreldra, og som lesar får ein servert både daglegdagse og kuriøse element frå dette tilveret.

Formelt er romanen delt opp i tre veldig distinkte bolkar. Tre delar som er så ulike at det nesten er rart å tenkje på at det er same forfattar som står bak dei. I fyrste del får lesaren sjå Mari gjennom foreldra sine auge. Dei synest i grunnen det er kjekt å få heim dotter si, men synest samstundes det er litt skummelt å oppdage ubetalte inkassovarsel i bilen og at ein halv avokado ikkje er eit fullverdig måltid. I andre del får vi sjå Mari gjennom Håvard, ein jamnaldrande gut ho vaks opp med, som hamnar i eit litt komisk trekantdrama med Mari og kona si. Desse to delane stundar kanskje etter ein slags realisme, men det gjer absolutt ikkje siste del. Her rører nemleg romanen seg inn i det overnaturlege. I dette segmentet får vi sjå Mari gjennom auga til den døde bestemora hennar, ei frittalande og freidig dame som til vanleg held til i himmelen, men som frå tid til annan reiser ned til jorda og vaktar på Mari saman med eit embryo som Mari tidlegare har abortert.

Dette er ein snurrig liten roman som stiller spørsmål rundt når ein eigentleg sluttar å vere nokon sitt barn, om det eigentleg er mogleg, og om kva det vil seie å verte vaksen. Boka kombinerer det såre og spinnville på ein eigenarta og sprudlande måte, og eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri har lese noko liknande. 

Similar titles from the collection

Search

Language

nb-no sv-se en-gb

Categories Navigation